26/10 - Fylkesårsmøtet i Telemark Senterparti krever fjerning av maksimumsverdien
Vedtaket lyder:
"Fjern maksimumsverdien for eigedomsskatt på kraftverk
Norsk vasskraft er eit viktig element i den i landets klimapolitikk. Da er det nødvendig å legg til rette for vidare utbygging, der miljøulempene er godtakande.
Det er da ein heilt grunnleggande føresetnad at vertskommunar til vasskraftanlegg fær sin rettmessige del av verdiskapinga knytt til vasskraftproduksjon i samsvar
med den historiske samfunnskontrakten mellom staten og vertskommunane. Kraftprisane har langt på veg tri-dobla seg dei siste ti åra – noko som i hovudsak har kome staten og eigarane til gode.
Årsmøtet i Telemark senterparti krev såleis at vasskraftanlegg fær same eigedomsskatteordning som andre eigedomsskatteobjekt. Derfor må maksimumsverdien på
2,35 kr/kwh (Eigedomsskattelova § 8) – som no i realiteten fungerer som ei avgift – fjernast.
Det er og verd å minne om at dagens regjeringsparti i Finanskomiteen 2002 – 04 gjekk i mot framlegget om å innføre maksimumsverdi i eigedomsskattegrunnlaget.
Det er og ei kjensgjerning at fleirtalet av kraftkommunane er minsteinntektskommunar, noko som forsterkar det urimelege i at svært lønsame kraftverk skal ha ein særeigen skatterabatt."