27/10 - Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeiderparti vedtar enstemmig krav om å fjerne maksimumsverdien

Fylkesårsmøtet i Sogn og fjordane Arbeiderparti vedtok 7. mars enstemmig følgende uttale:

Storebotn

"Eigedomsskatt er den viktigaste kommunale skatteretten, og gjev verdifulle skatteinntekter til meir enn 300 kommunar i landet. For eigedomsskatt på kraftverk gjeld det ei særordning med maksimumsverdiar, som reduserer eigedomsskatten for slike anlegg. Ingen andre skatteobjekt har denne avgrensinga. Maksimumsverdien for kraftverka blei innført som ei overgangsordning frå gammalt til nytt takseringsregime i 2004. Når nær alle kraftverk ligg over maksimumsverdiane viser det at tida er inne for fjerne denne særordninga.

Grunnlaget for eigedomsskatt på kraftanlegg skal tilsvare anlegga sin omsetningsverdi. I 2004 blei det mot Ap, Sp og SV sine stemmer innført ein maksimumsverdi. Frå 2003 har kraftprisane, som er grunnlaget for eigedomsskattetaksten, kvart år lege på mellom det dobbelte og tredobbelte av prisnivået før 2000. Dei høge kraftprisane har ført til ein kraftig auke i kraftverka sine overskot. Samstundes er eigedomsskatten til kommunane blitt til ei fast avgift, med stadig minkande realverdi.

Tida har gått frå grunngjevinga for minimums- og maksimumsverdiane. Det er såleis ikkje lenger grunnlag for å nytte terskelverdiane som er i strid med lova sin hovudregel om at eigedomsskattetaksten skal tilsvare anlegga sin omsetningsverdi. Ingen andre eigedomsskatteobjekt har tilsvarande avgrensingar. Maksimumsverdiane har frå innføringa i 2003 vore kr 2,35/KWh. I dag søkjer kraftføretaka konsesjon for utbygging av nye vasskraftanlegg for over 4-5 kr/KWh, og det viser at omsetningsverdien langt overstig den sette maksimumsverdien. Særleg industrikommunane med store vasskraftanlegg lid store inntektstap med den noverande ordninga med maksimumsverdi.

Ein viktig del av klimapolitikken er bygging av meir fornybar energi. EU sitt fornybardirektiv stiller høge krav til meir vasskraftutbygging i Noreg. Både kvoteregimet for CO2 og el-sertifikatordninga frå 2012 vil stimulere til meir vasskraftutbygging. Noreg har lang politisk tradisjon for at vasskraftutbygging  er eit interessefellesskap mellom utbyggjarar og dei involverte lokalsamfunn og kommunar. Berre ved kommunane si tilslutning til nye utbyggingsplanar, vil Noreg kunne nå fornybarmålsettingane innan 2020. Eigedomsskatteinntekter frå kraftanlegga som gjenspeglar dei reelle marknadsverdiane er ein sentral føresetnad for å få tilslutning frå kommunane."